Job 40:3-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Vil du dra mi rettferd i tvil,leggja skulda på meg, ¬så du får rett?

4. Har du så sterk ein arm ¬som Gud,ljomar røysta di som hans?

5. Så pryd deg ¬med høgd og herlegdom,kled deg med stordom og velde!

6. Lat berre vreiden rasa,slå alle hovmodige ned ¬med ditt blikk!

7. Ja, sjå på dei stolte ¬og bøy dei i kne,trø dei gudlause ned på flekken!

8. Gøym dei i jorda, alle i hop,og steng dei inne i mørkret!

9. Då skal eg òg prisa degfor sigeren du vann ¬med di høgre hand.

10. Sjå elvehesten!Eg har skapt både han og deg.Han et gras som ein okse.

Job 40