Job 40:18-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Han rømer ikkje ¬om straumen er strid;om Jordan fossar mot hans gap, ¬er han trygg.

19. Kven torer gripa han i augoog dra ei snor ¬gjennom nasen hans?

20. Kan du dra krokodillen opp ¬med krokog halda tunga hans nede ¬med snøre?

21. Kan du få sett ¬eit sevreip i nasen hansog stikka ein krok ¬gjennom kjaken?

22. Vil han då be deg audmjukt ¬om nådeeller tala blidt til deg?

23. Trur du han gjer ein avtale ¬med deg,så du kan ta han til træl ¬for alltid?

24. Kan du leika med han ¬som med ein fuglog fanga han ¬til småjentene dine?

25. Kan eit lag av fiskarar selja hanog stykkja han ut ¬mellom kjøpmenn?

Job 40