13. Det kom då nattsyner ¬gjorde meg uroleg,medan folk låg i tung svevn.
14. Eg vart så redd at eg skalv,redsla gjekk meg ¬til merg og bein.
15. Ein pust strauk framom ¬mitt andlet,og håra reiste seg på mitt hovud.
16. Ein skapnad stogga,men eg såg ikkje klårt ¬korleis han var.Han stod beint ¬framfor augo mine,og eg høyrde ei roleg røyst ¬som sa:
17. Kan eit menneske ¬vera rettferdig for Gud,kan ein mann ¬vera rein for sin skapar?
18. Gud lit ikkje eingong ¬på tenarane sine,hjå englane finn han feil,
19. kor mykje meir ¬hjå dei som bur i leirhusog berre har jord til grunnvoll,dei som kan knasast ¬lettare enn mòl.