Job 4:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2. Om ein prøver å tala til deg, ¬vert du motlaus.Men kven kan teia til slikt?

3. Sjølv har du rettleitt mange,kraftlause hender ¬har du styrkt.

4. Dine ord reiste opp ¬den som snåva,du gav kraft til skjelvande kne.

5. Men no, når det gjeld deg sjølv, ¬er du motlaus,når det råkar deg, er du redd.

6. Set du ikkje lit til di gudsfryktog von til di ærlege ferd?

7. Tenk etter!Når miste ein skuldlaus livet,kvar gjekk rettvise folk ¬til grunne?

8. Dei som pløyer ned vondskap ¬og sår ulukke,haustar det same, ¬etter det eg har sett.

9. Andar Gud på dei, ¬går dei til grunne,pustar han i vreide, ¬vert dei borte.

10. Løva brøler, ¬og løveungen skrik,men tennene på ungløva ¬vert utslegne.

11. Jamvel løva går til grunnenår ho ikkje finn rov,og løveungane vert spreidde.

12. Eit ord kom smygande til meg,for øyra lét det som kviskring.

Job 4