23. Lèt du han springa ¬som grashoppa?Når han frøser stolt, ¬står det age av han.
24. Han skrapar i marka, ¬yr av glede,så fer han fram ¬mot ein væpna flokk.
25. Han er ikkje redd for noko ¬som skræmer,og snur ikkje ¬når han møter sverd.
26. Over han skramlar pilehuset,det blinkar i sverd ¬og kastespyd.
27. Han fer av stad ¬i dundrande tan,og stoggar ikkje ¬når hornet ljomar.
28. Han kneggjar høgt ¬når hornet læt.Han vêrar striden langan lei,bydande rop og hærskrik.
29. Er det ditt vit som gjerat falken svingar seg opp,spilar vengene og flyg mot sør?