7. medan alle morgonstjerner ¬jubla,og alle Guds søner ¬ropa av fryd?
8. Kven stengde for havet ¬med portar,då det braut skummande fram ¬frå djupet,
9. den gong eg kledde det ¬med skyerog sveipte det i mørke skodda,
10. den gong eg sette grense for detog stengde med bom og dører?
11. Hit kjem du, sa eg, ikkje lenger,her skal dei stogga, ¬dine byrge bylgjer.
12. Har du nokon gong ¬kalla morgonen framog synt morgonroden hans stad,
13. så han tek tak i endane av jordaog rister dei gudlause av?
14. Då tek ho form ¬som leira under seglet,og alt syner seg ¬som i nytt skrud.
15. Dei vonde misser ¬det ljoset dei hadde,og armen dei lyfte, vert knust.