Job 38:26-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. så det regnde ¬over folketomt land,over øydemark der ingen bur,

27. så det aude landet ¬fekk rikeleg med vatn,og graset grodde or grunnen?

28. Har regnet ein far?Og kven har avla doggdropane?

29. Kva morsliv kjem vel isen frå,kven har født rimet ¬som fell frå himmelen,

30. når vatnet frys og vert som steinog flata ¬på havdjupet ligg under is?

31. Kan du knyta Sjustjerne-bandeteller løysa Orions lekkjer?

Job 38