10. Når Gud pustar, kjem det is,jamvel store vatn frys til.
11. Han fyller skyene med væteog breier ut sine lysande skyer.
12. Dei driv av stad og fer hit og ditetter som han styrer dei,og alt han byd, det gjer deiut over heile den vide jord.
13. Han lèt dei koma for å straffa,om det er til gagn for jorda,eller for å gjera vel mot henne.
14. Høyr på dette, Job!Stå still ¬og legg merke til Guds under!
15. Skjønar du korleis Gud ¬gjev skyene påbodog lèt ljoset stråla fram frå dei?
16. Skjønar du ¬korleis skyene driv,eit underverk av han ¬som veit alt?
17. Du som klagar ¬over at kleda vert varme,når jorda dormar i sønnavind,
18. kan du hjelpa han ¬med å hamra skylagetfast som ein spegel ¬av støypt metall?
19. Sei oss kva vi skal svara han!Vi får ikkje fram eit ord ¬for berre mørker.