Job 36:26-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Sjå, Gud er høg, ¬vi skjønar han ikkje,ingen kan granska ¬hans tallause år.

27. Han dreg vassdropar opp til segog lèt regnet strøyma ¬frå himmelhavet.

28. Det renn og dryp frå skyenened over mange menneske.

29. Kan nokon skjøna ¬korleis skyene driv,og korleis det dyn ¬under hans telt?

30. Sjå, han breier ljos ikring seg.Han gøymer havsens djup.

31. Med regnet kan han straffa folk,og med det ¬kan han gje dei mat i mengd.

32. Han sveiper hendene i ljosog lèt lynet fara mot sitt mål.

33. Tora fortel at han er i kjømda,jamvel feet varslar ¬at han dreg fram.

Job 36