21. Akta deg og vend deg ikkje ¬til vondskap,så du heller vil gjera vondt ¬enn lida.
22. Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde.Kven er ein lærar som han?
23. Kven fastset den vegen ¬han skal fylgja?Kven kan seia at han gjer urett?
24. Kom i hug at du skal prisa ¬hans gjerningar,som menneska syng om.
25. Alle menneske ser dei ¬med glede,endå dei berre skimtar dei ¬langt borte.
26. Sjå, Gud er høg, ¬vi skjønar han ikkje,ingen kan granska ¬hans tallause år.
27. Han dreg vassdropar opp til segog lèt regnet strøyma ¬frå himmelhavet.
28. Det renn og dryp frå skyenened over mange menneske.
29. Kan nokon skjøna ¬korleis skyene driv,og korleis det dyn ¬under hans telt?
30. Sjå, han breier ljos ikring seg.Han gøymer havsens djup.
31. Med regnet kan han straffa folk,og med det ¬kan han gje dei mat i mengd.
32. Han sveiper hendene i ljosog lèt lynet fara mot sitt mål.
33. Tora fortel at han er i kjømda,jamvel feet varslar ¬at han dreg fram.