Job 34:4-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Lat oss velja det som er rett,og saman finna ut ¬kva som er godt.

5. Job har sagt: «Eg er rettferdig,Gud har sett min rett til sides.

6. Eg har rett, ¬men vert halden for lygnar,eg er skuldlaus, ¬men såra til døden.»

7. Finst det ein mann som Job?Han talar spottord ¬som ein drikk vatn.

8. Han går i lag ¬med ugjerningsmennog held seg til gudlause folk.

9. For han har sagt:Kva gagnar det ein mannom han er ven med Gud?

10. Difor skal de høyra på meg,de vituge menn.Gud gjer aldri vondt,Den Allmektige gjer ikkje urett.

11. Han løner mannen ¬for hans gjerning,lèt alle få att etter si ferd.

Job 34