Job 33:22-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Han er komen grava nær,hans liv møter dødens englar.

23. Er det då ein engel attmed han,ein einaste talsmann ¬mellom tusen,som kan seia han ¬kva han skal gjera,

24. så er han nådig mot han ¬og seier:«Fri han frå å fara ned i grava!Eg har fått løysepengar ¬for han.»

25. No vert kroppen sterk ¬som då han var ung,atter vert han ¬som i ungdoms dagar.

26. Han bed til Gud, ¬som har godvilje for han,med jubel får han sjå ¬Guds åsyn,og ‘han‘ lèt mannen få att ¬si rettferd.

27. Han syng ¬så menneska høyrer det:«Eg hadde synda ¬og krenkt retten,men han gav meg ikkje lika ¬for det.

28. Han fria meg frå å gå i grav,no får eg leva og sjå ljoset.»

29. Sjå, alt dette gjer Gud ¬for mannenbåde to og tre gonger.

Job 33