Job 33:1-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Men høyr på det eg seier, ¬Job,lyd på alle mine ord!

2. Sjå, eg opnar min munn,eg vil bruka mål og mæle.

3. Eg talar av eit ærleg hjarta,eg seier beint fram det eg veit.

4. Det er Guds Ande ¬som har skapt meg,anden frå Den Allmektige ¬held meg i live.

5. Dersom du kan, ¬så gjev meg svar!Stå opp og legg fram di sak!

6. Sjå, for Gud er vi begge like,eg òg er laga av leire.

7. Du treng ikkje skjelva ¬av redsle for meg,mi hand skal ikkje ¬kvila tungt på deg.

8. Du sa då så eg høyrde det,– klårt fekk eg tak i orda:

9. «Eg er rein og utan synd,lytelaus er eg, fri for skuld.

10. Men Gud finn noko å seia ¬på meg,han held meg for sin fiende.

11. Han set mine føter i blokkaog vaktar meg kvar eg går.»

12. Nei, til det vil eg svara:«Dette har du ikkje rett i,for Gud er større ¬enn menneske.»

13. Kvifor fører du ¬dette klagemålet mot han:«Han svarar ikkje ¬kva eg så seier.»

14. Gud talar ein gong, ¬ja ein gong til,men folk bryr seg ikkje om det.

15. I draumar og syner om natta,når menneske fell i tung svevn,eller når dei ligg og blundar,

16. då opnar han øyro deiraog åtvarar dei ¬på skræmande vis.

17. Han vil få mannen bort ¬frå hans udådog rydja hovmodet ut hjå han.

18. Han vil spara han for å gå i gravog berga livet hans frå spyd.

19. Mennesket vert tuktamed liding på si lege;det er ein stendig strid ¬i hans lemer.

20. Maten byd han imot,han har ikkje hugpå den gjævaste kost.

21. Hans hold tærest bort, ¬ein kan ikkje sjå det;det finst ikkje kjøt på hans bein,dei som ikkje var synlege før.

Job 33