8. Men det er ånda i mennesketog anden frå Den Allmektigesom gjev det skjøn.
9. Det er ikkje alderen ¬som gjev visdom,dei gamle veit ikkje alltid ¬kva som er rett.
10. Difor seier eg: Høyr på meg!Eg òg vil seia mi meining.
11. Eg har venta på ¬at de skulle tala,og lydt etter vituge ord,medan de tenkte på ¬kva de skulle seia.
12. Eg gav nøye akt på dykk;men ingen har vist ¬at Job tek feil,ingen har svara på hans ord.
13. Sei ikkje: ¬«Vi fann visdom hjå han.Berre Gud ¬og ikkje noko menneskekan vinna over han.»