Job 32:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. No heldt dei tre mennene opp med å svara Job, fordi han meinte at han hadde rett.

2. Då vart Elihu brennande harm på Job. Elihu var son til Barakel frå Bus, av Rams-ætta. Han vart harm på Job fordi han meinte at han hadde rett mot Gud.

3. Og han vart arg på dei tre venene, fordi dei ikkje hadde noko å svara og såleis gav Gud urett.

4. Elihu hadde venta med å tala til Job fordi dei andre var eldre enn han.

5. Men då han såg at det ikkje fanst svar i deira munn, vart han brennande harm.

6. Så tok Elihu, son til Barakel frå Bus, til ords og sa:Eg er ung av år, ¬og de er gamle.Difor var eg redd ¬og heldt meg tilbake,eg våga ikkje å seia mi meining.

7. Eg tenkte: «Lat alderen talaog dei mange år ¬forkynna visdom!»

8. Men det er ånda i mennesketog anden frå Den Allmektigesom gjev det skjøn.

9. Det er ikkje alderen ¬som gjev visdom,dei gamle veit ikkje alltid ¬kva som er rett.

10. Difor seier eg: Høyr på meg!Eg òg vil seia mi meining.

11. Eg har venta på ¬at de skulle tala,og lydt etter vituge ord,medan de tenkte på ¬kva de skulle seia.

Job 32