18. Gud tek tak i min klednad ¬med kraftog snører han om meg ¬som ein skjortekrage.
19. Han har støytt meg ned i søla,eg har vorte ¬som mold og oske.
20. Eg ropar til deg, ¬men du svarar ikkje;eg står der, ¬og du berre ser på meg.
21. Du har vendt deg bort ¬og er nådelaus mot meg,du strider mot meg ¬med veldig hand.
22. Du lyfter meg opp i stormen,eg fer av stad og går til grunnemedan stormen rasar.
23. Eg veit at du fører meg ¬til dødsriket,til staden ¬der alle levande samlast.
24. Men retter ikkje mennesket ¬ut si handnår allting sig i røys?Ropar det ikkje om hjelp ¬i ulukka?
25. Eg gret då over dei ¬som hadde tunge dagar,og viste medkjensle ¬med dei fattige.