Job 30:14-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Dei kjem ¬som gjennom ei vid rivne,mellom ruinar velt dei fram.

15. Redsler har kome over meg,mi ære vert bortsopt ¬som av vinden,mi hjelp kverv som ei sky.

16. No er mi livskraft borte,vonde dagar må eg smaka.

17. Om natta vert mine bein ¬gjennombora,og min verk stilnar ikkje.

18. Gud tek tak i min klednad ¬med kraftog snører han om meg ¬som ein skjortekrage.

19. Han har støytt meg ned i søla,eg har vorte ¬som mold og oske.

20. Eg ropar til deg, ¬men du svarar ikkje;eg står der, ¬og du berre ser på meg.

21. Du har vendt deg bort ¬og er nådelaus mot meg,du strider mot meg ¬med veldig hand.

22. Du lyfter meg opp i stormen,eg fer av stad og går til grunnemedan stormen rasar.

23. Eg veit at du fører meg ¬til dødsriket,til staden ¬der alle levande samlast.

24. Men retter ikkje mennesket ¬ut si handnår allting sig i røys?Ropar det ikkje om hjelp ¬i ulukka?

Job 30