8. då drog dei unge seg tilbakeså snart dei fekk auga på meg,og dei gamle reiste seg og stod.
9. Hovdingar heldt opp med å talaog la handa på sin munn.
10. Stormenn tagna,tunga deira hang fast ¬ved ganen.
11. Alle som høyrde om meg,prisa meg sæl,og kvar den som såg meg,gav meg lovord.
12. Eg berga armingen ¬som ropa om hjelp,den farlause ¬som ingen hjelpar hadde.
13. Forkomne menneske ¬velsigna meg,eg gjorde enkjer jublande glade.
14. Eg kledde meg i rettferd, ¬ho var min klednad,rettferdig dom ¬var mi kappe og min turban.
15. Augo var eg for dei blindeog føter for dei halte.
16. Eg var ein far for dei fattigeog granska saker ¬for folk eg ikkje kjende.
17. Eg knuste kjaken på nidingarog reiv rovet ut or gapet på dei.
18. Eg tenkte då: «Eg skal få døy ¬i mitt reir,mine dagar skal verta ¬talrike som sandkorn.
19. Til mine røter ¬skal vatn finna veg,og dogg skal falla ¬på mine greiner.