Job 29:20-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Støtt skal mi ære fornyast ¬for megog bogen få ny kraft ¬i mi hand.»

21. Folk høyrde på meg, dei ventaog var stille når eg gav råd.

22. Og når eg hadde tala,tok ingen ordet;min tale draup ned over dei.

23. Dei venta på mine ord ¬som på regn,dei opna munnen ¬som for vårregn.

24. Var dei motlause, ¬smilte eg til dei;stråla mitt andlet, ¬var ingen sorgfull.

25. Eg valde veg for dei; ¬eg sat øvst og tronasom ein konge ¬mellom sine stridsmenn,lik ein som trøystar dei ¬som syrgjer.

Job 29