Job 29:12-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Eg berga armingen ¬som ropa om hjelp,den farlause ¬som ingen hjelpar hadde.

13. Forkomne menneske ¬velsigna meg,eg gjorde enkjer jublande glade.

14. Eg kledde meg i rettferd, ¬ho var min klednad,rettferdig dom ¬var mi kappe og min turban.

15. Augo var eg for dei blindeog føter for dei halte.

16. Eg var ein far for dei fattigeog granska saker ¬for folk eg ikkje kjende.

17. Eg knuste kjaken på nidingarog reiv rovet ut or gapet på dei.

18. Eg tenkte då: «Eg skal få døy ¬i mitt reir,mine dagar skal verta ¬talrike som sandkorn.

19. Til mine røter ¬skal vatn finna veg,og dogg skal falla ¬på mine greiner.

20. Støtt skal mi ære fornyast ¬for megog bogen få ny kraft ¬i mi hand.»

21. Folk høyrde på meg, dei ventaog var stille når eg gav råd.

Job 29