Job 28:18-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Korallar og bergkrystallkan ikkje nemnast attåt han;å eiga visdom ¬er betre enn perler.

19. Krysolitt frå Nubia ¬kan ikkje liknast med han,han kan ikkje betalast ¬med reint gull.

20. Kvar kjem då visdomen frå,og kvar har vitet sin bustad?

21. Han er usynleg ¬for alle som leverog løynd for fuglane ¬under himmelen.

22. Undergangsstaden ¬og døden seier:«Vi har berre høyrt ¬ei tidend om han.»

23. Men Gud kjenner vegen ¬til visdomen,han veit ¬kvar han har sin bustad.

24. Hans auga når ¬til heimsens endar,alt under himmelen ser han.

25. Då han gav vinden styrkeog lét vatnet få det rette mål,

26. då han sette ei lov for regnetog gjorde veg for toreskya,

27. då såg han visdomen ¬og mælte han,han lét han stå fram ¬og granska han.

28. Og han sa til mennesket:Å ottast Herren, det er visdom,å halda seg frå vondskap, ¬det er vit.

Job 28