13. Ingen veit kva han er verd,han finst ikkje ¬i landet åt dei levande.
14. Djupet seier: ¬«I meg er han ikkje,»havet seier: «Han er ikkje her.»
15. Ein kan ikkje få han ¬for det finaste gull,prisen kan ikkje betalast ¬med sølv;
16. han kan ikkje kjøpast ¬for Ofir-gull,for dyr karneol og safir.
17. Korkje gull eller glas ¬kan liknast med han,og ingen kan byta han til segfor kar av det finaste gull.
18. Korallar og bergkrystallkan ikkje nemnast attåt han;å eiga visdom ¬er betre enn perler.
19. Krysolitt frå Nubia ¬kan ikkje liknast med han,han kan ikkje betalast ¬med reint gull.
20. Kvar kjem då visdomen frå,og kvar har vitet sin bustad?
21. Han er usynleg ¬for alle som leverog løynd for fuglane ¬under himmelen.
22. Undergangsstaden ¬og døden seier:«Vi har berre høyrt ¬ei tidend om han.»