Job 28:11-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Dei demmer for dropet ¬frå vassåreneog hentar løynde skattar ¬fram i dagen.

12. Men visdomen, ¬kvar finst vel han,og vitet, ¬kvar har det sin bustad?

13. Ingen veit kva han er verd,han finst ikkje ¬i landet åt dei levande.

14. Djupet seier: ¬«I meg er han ikkje,»havet seier: «Han er ikkje her.»

15. Ein kan ikkje få han ¬for det finaste gull,prisen kan ikkje betalast ¬med sølv;

16. han kan ikkje kjøpast ¬for Ofir-gull,for dyr karneol og safir.

17. Korkje gull eller glas ¬kan liknast med han,og ingen kan byta han til segfor kar av det finaste gull.

18. Korallar og bergkrystallkan ikkje nemnast attåt han;å eiga visdom ¬er betre enn perler.

19. Krysolitt frå Nubia ¬kan ikkje liknast med han,han kan ikkje betalast ¬med reint gull.

Job 28