Job 27:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Eg held fast på min rett ¬og slepper han ikkje.Hjarta mitt klagar meg ikkjefor noko eg har gjort i mitt liv.

7. Lat min fiende stå der ¬som niding,min motstandar ¬som ugjerningsmann.

8. For kva kan den gudlause ¬vona pånår Gud skjer livstråden avog gjer ende på hans liv?

9. Høyrer Gud hans klageropnår trengsla kjem over han?

10. Kan han gleda seg ¬over Den Allmektigeog stendig ropa til Gud?

11. Eg vil læra dykk om Guds maktog ikkje dølja kva ¬Den Allmektige har tenkt.

12. De har då sett det, alle saman.Kvifor kjem de så ¬med tome ord?

13. Dette er den lagnadsom det vonde mennesket får ¬hjå Gud,den arv som valdsmannen fårfrå Den Allmektige.

14. Om borna hans er mange,skal dei falla for sverd,og etterkomarane får ikkje brød,så dei kan eta seg mette.

Job 27