Job 27:14-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Om borna hans er mange,skal dei falla for sverd,og etterkomarane får ikkje brød,så dei kan eta seg mette.

15. Dei som slepp unna, ¬skal døy i pest,og enkjene held ikkje ¬syrgjehøgtid.

16. Når han haugar opp sølv ¬som moldog samlar seg klede som leire,

17. skal rettferdige kle segmed det han har samla,og skuldlause menn dela sølvet.

18. Det huset han byggjer, er som spindelvev,som lauvhytta vaktmannen ¬lagar seg.

19. Han legg seg ned ¬som rikmann,men det gjer han aldri meir;når han vaknar, ¬er rikdomen borte.

20. Redsler når han att som vatn,om natta ¬sopar stormen han bort.

21. Austavinden lyfter han oppog riv han med, ¬så han fer av stad.

22. Folk kastar på han utan skånsel,han må røma frå deira vald ¬og makt.

23. Dei klappar hånleg i hendeneog pip han bort frå hans stad.

Job 27