Job 24:15-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Horkaren ventar på skumringa.Han seier: ¬«Det er ingen som ser meg,»og så løyner han andletet.

16. I mørkret gjer tjuvane innbrot;dei stengjer seg inne om dagen,for dei vil ikkje vita av ljoset.

17. Kolmørkret er for dei ¬som ein morgon,dei kjenner alt ¬som skræmer i mørkret.

18. Men brått vert dei borte ¬som på vatnet.Forbanna er deira lut i landet,ingen tek vegen til vingardane.

19. Turk og hete tek snøvatnet bort,dødsriket sluker ¬den som syndar.

20. Mor hans gløymer han,makken godtgjer seg med han,og ingen minnest han meir.Vondskapen knekkjest som ¬eit tre.

Job 24