Job 21:15-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Kvifor skal vi tena ¬Den Allmektige?Kva nyttar det ¬at vi bed til han?»

16. Dei gudlause ¬har ikkje lukka i si hand,dei legg planar ¬utan å rekna med Gud.

17. Kor ofte sloknar lampa ¬for nidingar,kor ofte kjem ulukka over dei?Er det slik ein lagnad ¬han gjev dei i sin vreide?

18. Lèt han dei verta ¬som halmstrå i vinden,lik agner ¬som stormen sopar bort?

19. Er det Guds vilje ¬å spara mannenog la ulukka ¬koma over hans born?Nei, han burde straffa han sjølv ¬så det kjennest.

20. Han skulle få sjå sin undergang,drikka vreidevin ¬frå Den Allmektige.

21. For kva bryr han seg ¬om si ætt etter døden,når hans tilmælte tid er ute?

22. Er det nokon som vil læra Gud,han som rår ¬over dei høgaste skapningar?

23. Éin døyr midt i si beste kraft,heilt igjennom sorglaus ¬og roleg,

24. hans kar er fulle av mjølk,og hans bein har saftfull merg.

Job 21