19. For han knuste småkårsfolk ¬og lét dei liggja,han røva hus ¬som han ikkje hadde bygt.
20. Men inni seg fekk han aldri ro,med alle sine skattar ¬kan han ikkje bergast.
21. Ingen ting slapp unna ¬hans grådige lyst,difor skal hans velstand ¬ikkje vara.
22. Trongt vert det for han ¬midt i hans overflod,ulukka råkar han ¬med all si makt.
23. For at han skal få nok,sender Gud imot han ¬sin brennande vreideog lèt undergang regna på han.
24. Rømer han for jernvåpen,skal ein bronseboge ¬gjennombora han.
25. Han dreg pila ut or ryggenog blanke odden or galleblæra;då vert han gripen av redsle.