5. Men rett ut handa og rør ved beina og kjøtet hans, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.»
6. Då sa Herren til Satan: «Han er i di makt. Spar berre livet hans!»
7. Så gjekk Satan bort frå Herren, og han slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl.
8. Job tok eit krusbrot og skrapa seg med, der han sat bortpå avfallshaugen.
9. Då sa kona hans til han: «Er du framleis like ulastande? Spotta heller Gud og døy!»
10. Men han svara: «Du talar som ei uvitug kvinne. Skal vi berre ta imot det gode frå Gud? Skal vi ikkje ta imot det vonde òg?» Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job med sin munn.