Job 19:15-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Huslyd og tenestjenterheld meg for ein framand,eg har vorte som ein utlending ¬for dei.

16. Når eg ropar på tenaren, ¬svarar han ikkje;eg må be han audmjukt ¬om hjelp.

17. Min ande byd mi kone imot,mine brør synest ¬at eg luktar vondt.

18. Jamvel gutungar vanvørder megog snur ryggen til ¬når eg reiser meg.

19. Alle mine beste venerstyggjest ved meg,og dei som eg elska,vender seg mot meg.

20. No er eg berre skinn og bein,einast tannkjøtet er uskadt.

21. Ver milde og miskunnsame, ¬vener,Gud har rørt meg med si hand.

22. Kvifor jagar de meg ¬så som Gud,får de ikkje nok av mitt kjøt?

23. Gjev mine ord vart skrivne,vart teikna opp i ei innskrift,

24. ja, rita i fjellet for alltidmed jerngriffel og bly!

25. Men eg veit ¬at min utløysar lever,og som den siste ¬skal han stå fram på molda.

26. Når det ikkje er noko att ¬av mi hudog mitt kjøt er borttært,då skal eg skoda Gud.

27. Med eigne augo skal eg sjå han,eg sjølv og ikkje ein framand.Å, eg tærest bort av lengsle!

28. Når de seier: «Vi vil jaga han,rota til ulukka finst hjå han,»

29. då må de reddast for sverdet;det er straffa for slike synder.Då skal de sanna ¬at det finst ein domar.

Job 19