1. Då tok Job til ords og sa:
2. Kor lenge vil de plaga megog knusa meg med ord?
3. Det er tiande gongen ¬de spottar megog går laus på meg utan skam.
4. Har eg i røynda fare vilt,så er det mi eiga sak.
5. Er de verkeleg større enn eg,så syn meg at skamma er mi!
6. De må då skjøna ¬at Gud gjer meg urettnår han spenner sitt garn ¬ikring meg.
7. Eg ropar: «Vald!» ¬men får ikkje svar,eg skrik om hjelp, ¬men det finst ingen rett.
8. Han har stengt vegen, ¬eg kjem ikkje fram,han har lagt mine stigar ¬i mørker.
9. Han har teke mi ære frå megog rive kransen av mitt hovud.
10. Han har brote meg ned ¬på alle kantar,eg må gå min veg;mi von har han rykt opp ¬som eit tre.
11. Han lèt sin vreide ¬loga mot meg,han held meg ¬for sin motstandar.
12. I fylking kom hans hærflokkar ¬mot meg,dei brøytte seg veg ¬og slo leir kring mitt telt.