Job 18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ljoset sloknar for den gudlause

1. Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2. Kor lenge vil de velja ¬så varsame ord?Tenk dykk om, ¬så skal vi talast ved!

3. Kvifor skal vi reknast som fe?Trur de at vi er ureine?

4. Du som riv deg sund i vreide,skal jorda øydast for di skuldog fjellet flyttast frå sin stad?

5. Ljoset sloknar for den gudlause,det logar ingen eld på hans åre.

6. Ljoset i teltet hans går ut,og lampa sloknar for han.

7. Hans sterke steg vert hindra,han fell for sin eigen plan.

8. Hans føter vert fanga i garnet,og han går i nettet.

9. Snara grip han om hælen,rennelykkja held han fast.

10. Garnet han går i, ¬er løynt på jorda,snara ligg på hans veg.

11. Redsler skræmer på alle kantar,dei jagar han ¬kvar han set sin fot.

12. Ulukka hungrar etter han,undergang står ferdig ¬attmed han.

13. Hans hud tærest bort ¬stykke for stykke,ein drepande sjukdom ¬et hans lemer.

14. Han vert riven ut or ¬sitt trygge telt;du fører han bort ¬til redselskongen.

15. Andre kan bu ¬i det teltet han åtte,svovel vert strøytt ¬på hans bustad.

16. Nede i jorda turkar hans røter,og ovantil visnar hans greiner.

17. Hans minne kjem bort ¬frå landet,ingen nemner hans namn ¬på gata.

18. Dei støyter han frå ljoset ¬og ut i mørkret,dei jagar han ut or verda.

19. Han har ikkje born,ingen etterkomar i sitt folk;der han budde, ¬slapp ingen unna.

20. Dei støkk til i vest ¬når dei ser hans lagnad,og i aust vert dei gripne ¬av redsle.

21. Ja, så går det ¬med nidings bustad,med heimen til den ¬som ikkje kjenner Gud.