Job 16:9-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. I vreide og fiendskap ¬riv han meg sund,han skjer tenner mot meg.Mine fiendar kvesser augo

10. og spilar opp gapet mot meg,dei slår meg hånleg på kinnetog rottar seg saman mot meg.

11. Gud har gjeve meg ¬vonde menn i vald,han har kasta meg ¬i hendene på nidingar.

12. Eg levde i fred, ¬då riste han meg,tok meg i nakken ¬og knuste meg.Han sette meg opp ¬til skyteskive,

13. hans piler kom mot meg ¬frå alle kantar.Nådelaust kløyvde han ¬nyrene mine,han lét min galle renna til jorda.

14. Flengje på flengje ¬reiv han i megog storma mot meg ¬som ein krigar.

15. Syrgjeplagg har eg sytt ¬om min kroppog bøygt meg audmjukt i støvet.

16. Andletet mitt er raudt av gråtog augneloka svarte,

17. endå hendene ikkje er merkte ¬av udåd,og bøna mi er rein.

18. Å, jord, du må ikkje gøyma ¬mitt blod,lat aldri mitt klagerop stilna!

19. Eg har då mitt vitne ¬i himmelen,ein som talar mi sak i det høge.

20. Venene mine spottar meg,gråtande vender eg augo ¬til Gud.

Job 16