11. Gud har gjeve meg ¬vonde menn i vald,han har kasta meg ¬i hendene på nidingar.
12. Eg levde i fred, ¬då riste han meg,tok meg i nakken ¬og knuste meg.Han sette meg opp ¬til skyteskive,
13. hans piler kom mot meg ¬frå alle kantar.Nådelaust kløyvde han ¬nyrene mine,han lét min galle renna til jorda.
14. Flengje på flengje ¬reiv han i megog storma mot meg ¬som ein krigar.
15. Syrgjeplagg har eg sytt ¬om min kroppog bøygt meg audmjukt i støvet.
16. Andletet mitt er raudt av gråtog augneloka svarte,
17. endå hendene ikkje er merkte ¬av udåd,og bøna mi er rein.
18. Å, jord, du må ikkje gøyma ¬mitt blod,lat aldri mitt klagerop stilna!