Job 15:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Gud lit ikkje eingong ¬på sine heilage englar,og himmelen er ikkje rein ¬i hans augo,

16. langt mindre ein mann ¬som er stygg og vond,som sluker urett liksom vatn.

17. Eg skal seia deg noko, ¬høyr på meg!Eg vil fortelja det eg har sett,

18. det som vise menn har forkynt,og som fedrane ikkje heldt dult.

19. Berre til dei vart landet gjeve,ingen framand drog saman ¬med dei.

20. Den gudlause lever støtt i angst,valdsmannen har ikkje ¬mange år i vente.

21. Han høyrer skræmande lydar,midt i fredstid ¬kjem herjaren mot han.

22. Han trur ikkje ¬han kjem att frå mørkret,han er etla til å falla for sverd.

Job 15