Job 14:7-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. For eit tre er det von.Vert det hogge, ¬kan det veksa opp att;det vantar ikkje renningar.

8. Om røtene i jorda eldest,og stuven morknar i molda,

9. så veks det opp att ¬ved eimen av vatnog set skot som eit nyplanta tre.

10. Men når mannen døyr, ¬er det ute med han,går mennesket bort, ¬kvar finst det då?

11. Som vatnet renn ut or sjøen,som elva minkar og turkar ut,

12. såleis ligg mannen ¬og står ikkje opp;han vaknar ikkje ¬så lenge himmelen er til;ingen vekkjer han or svevnen.

13. Gjev du ville gøyma megog halda meg løynd i dødsrikettil vreiden din går over!Gjev du ville setja ¬eit tidsmål for megog så atter koma meg i hug!

14. Kunne ein som er død, få liv,då ville eg halda ut i stridentil det kom avløysing for meg.

15. Då skulle du ropa på meg ¬og få svar,du skulle lengta ¬etter din skapning.

16. Då skulle du telja kvart steg ¬eg tek,og ikkje akta på mi synd.

17. Mitt brotsverk er gøymt ¬som i ein pung,og du har sett stengsle ¬for mi skuld.

Job 14