5. Gjev de ville teia!Då skulle de reknast for vise.
6. Så høyr kva eg har å seia imot,lyd på mitt innlegg i striden!
7. Vil de forsvara Gud med urett,tala hans sak på svikefull vis?
8. Vil de halda med Gudog vera sakførarar for han?
9. Går det godt ¬om han ransakar dykk?Vil de narra han ¬som ein narrar menneske?
10. Han kjem til å refsa dykkom de i løynd held med han.
11. Vert de ikkje skræmde ¬av hans velde,kjenner de ikkje redsle for han?
12. Dei fyndord de talar, ¬er som oske,og dei svar de gjev, ¬held like lite som leire.
13. Tei stilt og lat meg få tala,kva som enn måtte henda meg!
14. Eg vel den farefulle vegen,ja, set livet på spel.