12. Er det berre dei gamle ¬som har visdom,berre eit langt liv ¬som gjev skjøn?
13. Hjå Gud er visdom og velde,han legg planar med vit.
14. Når han riv ned, ¬byggjer ingen opp;når han stengjer for ein mann, ¬kan ingen opna.
15. Sjå, han demmer for vatnet, ¬då turkar det bort,han slepper det ut, ¬og det riv jorda med seg.
16. Hjå han er styrke og klokskap;han rår over den som fer vilt,og over den som fører vilt.
17. Rådsherrar ¬fører han berrføtte bort,og domarar gjer han til dårar.
18. Han løyser kongars lekkjerog bind hoftekledet om dei.
19. Han fører prestar ¬berrføtte bortog feller mektige menn.