8. Høgare er han enn himmelen– kva kan du gjera? –og djupare enn dødsriket– kva veit du?
9. Han har større mål enn jordaog femner vidare enn havet.
10. Om Gud dreg ut og tek fangarog stemner folk for retten,kven kan hindra han?
11. Han kjenner dei falske mennerog ser den vondskap ¬som ingen merkar.
12. Kan ein uvitug mann få vit?Kan eit villesel ¬skapast om til menneske?
13. Om du vender hugen til hanog breier ut hendene mot han,
14. – er det vondskap i handa, ¬så få han bort,lat ingen urett bu i ditt telt! –
15. då kan du utan flekk og lyte ¬lyfta hovudet,stå der støtt og sleppa reddast.
16. For du skal gløyma di møde;du skal berre minnast henne,som du minnest vatn ¬som rann sin veg.
17. Ditt liv skal verta meir strålande ¬enn middagssola,og mørkret skal verta ¬som ljose morgonen.
18. Du kan vera full av tillit, ¬for det er von;du kan sjå deg om ¬og leggja deg trygt.