Job 11:10-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Om Gud dreg ut og tek fangarog stemner folk for retten,kven kan hindra han?

11. Han kjenner dei falske mennerog ser den vondskap ¬som ingen merkar.

12. Kan ein uvitug mann få vit?Kan eit villesel ¬skapast om til menneske?

13. Om du vender hugen til hanog breier ut hendene mot han,

14. – er det vondskap i handa, ¬så få han bort,lat ingen urett bu i ditt telt! –

15. då kan du utan flekk og lyte ¬lyfta hovudet,stå der støtt og sleppa reddast.

16. For du skal gløyma di møde;du skal berre minnast henne,som du minnest vatn ¬som rann sin veg.

17. Ditt liv skal verta meir strålande ¬enn middagssola,og mørkret skal verta ¬som ljose morgonen.

18. Du kan vera full av tillit, ¬for det er von;du kan sjå deg om ¬og leggja deg trygt.

19. Ingen skræmer deg ¬når du går til ro,mange prøver ¬å vinna din godvilje.

20. Men dei vonde får sløve augo,dei har ingen stad ¬dei kan røma til,deira einaste von er å få anda ut.

Job 11