1. Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sa:
2. Skal ikkje pratmakaren få svar?Får han rett, ¬han som brukar så store ord?
3. Skulle skvalderet ditt ¬få menn til å teia,så du kan spotta utan motsegn?
4. Du vågar å seia: ¬«Mi lære er rein,og eg står skuldlaus ¬framfor deg.»
5. Men ville Gud berre ¬opna munnenog ta til ords imot deg,
6. forkynna deg ¬sin løynde visdom,som gjev dobbelt skjøn,då skulle du forståat Gud kan la di synd ¬verta gløymd.
7. Kan du lodda djupnene i Gudeller finna ei grensefor stordomen Œt Den Allmektige?
8. Høgare er han enn himmelen– kva kan du gjera? –og djupare enn dødsriket– kva veit du?
9. Han har større mål enn jordaog femner vidare enn havet.
10. Om Gud dreg ut og tek fangarog stemner folk for retten,kven kan hindra han?
11. Han kjenner dei falske mennerog ser den vondskap ¬som ingen merkar.