Medan han endå tala, kom den tredje og sa: «Det kom ein heil hop med kaldearar, som delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»