Jesaja 9:4-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. For det tunge åket,stonga over nakken deiraog staven åt drivaren deira,har du brote sund ¬som på Midjans dag.

5. Ja, kvar støvel ¬som trampa i stridsgny,og kvar kappe dregen i blod,skal brennast og verta til føde ¬for elden.

6. For eit barn er oss født,ein son er oss gjeven.Herreveldet kviler ¬på hans aksler,og han skal kallast:Underfull Rådgjevar, ¬Veldig Gud,Evig Far, Fredsfyrste.

7. Så skal herredømet ¬verta stortog freden utan endeover Davids kongsstolog over riket hans.Han skal grunnfesta det ¬og halda det oppemed rett og rettferdfrå no og til evig tid.I sin brennhugskal Herren, Allhærs Gud, ¬gjera dette.

8. Eit ord har Herren sendt ¬mot Jakob,det har slege ned i Israel.

9. Dei har fått merka det, ¬heile folket,dei som bur i Efraim ¬og Samaria.Men stolte og hovmodige ¬sa dei:

10. «Teglsteinsmurar ¬har rasa saman,vi byggjer opp att ¬med tilhoggen stein.Morbærtre er felte,vi plantar sedertre i staden.»

11. Då lét Herren Resin,deira fiende, ¬reisa seg mot dei,og han eggja ¬deira motstandarar.

Jesaja 9