Jesaja 9:12-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Aramearane kom frå aust ¬og filistarane frå vestog slukte Israel med vidope ¬gap.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.

13. Men folket vende ikkje omtil han som slo det,dei søkte ikkje Herren, ¬Allhærs Gud.

14. Då hogg Herren av Israel ¬både hovud og hale,palmegrein og sev ¬på ein einaste dag.

15. Dei eldste og stormennene ¬er hovudet,profetane som lærer lygn, ¬er halen.

16. Dei som førte dette folket, ¬førte vilt,og dei som lét seg leia, fór vilt.

17. Difor sparte ikkje Herren ¬unggutane deiraog hadde ikkje medynk ¬med farlause og enkjer;for alle var gudlause ¬og gjorde vondt,kvar einaste munn ¬tala dårskap.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.

18. Ja, gudløysa brenn som eldog øyder torn og tistel;ho set tjukke skogen i brann,og røyken stig høgt til vers.

19. Landet er sett i brannfordi Herren, Allhærs Gud, ¬er harm,og folket vert til føde ¬for elden.Det er ingen ¬som sparer sin bror.

20. Dei bit til høgre ¬og er likevel svoltne,dei glefser til venstre ¬og vert ikkje mette.Kvar og ein et sin neste,

21. Manasse et Efraim ¬og Efraim Manasse,og saman kastar dei seg ¬over Juda.Men med det har harmen hans ¬ikkje lagt seg,og enno retter han ut si hand.

Jesaja 9