11. Ja, så sa Herren til meg då handa hans greip meg med makt, og han åtvara meg mot å gå same vegen som dette folket:
12. Kall ikkje alt for samansverjingsom dette folket ¬kallar samansverjing!De skal ikkje ottast ¬og ikkje skjelvafor det som folket ottast.
13. Herren, Allhærs Gud,han skal de halda heilag.Han skal de ottastog for han skal de skjelva.
14. Han skal vera ein heilagdom,ein støytestein og eit berg ¬til fallfor begge Israels rike,ei snare og ei fellefor dei som bur i Jerusalem.
15. Mange av dei skal snåva;dei skal falla og skamslå seg,gå i snara og verta fanga.
16. Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine.
17. Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han.
18. Sjå, eg og dei born som Herren har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå Herren, Allhærs Gud, som bur på Sion-fjellet.
19. Men om dei seier til dykk:«Vend dykk til gjengangarar ¬og spådomsånder,til dei som kviskrar og mumlar!Skal ikkje eit folk venda seg ¬til sine gudarog spørja dei døde til råds ¬for dei levande?»
20. Til ordet og til vitnemålet!Er dei ikkje samde i dette,det folket som ikkje ser ¬ein ljosstråle,
21. så skal dei fara gjennom landet, ¬forkomne og svoltne.Og når dei svelt, vert dei harmeog forbannar sin konge ¬og sin Gud.Anten dei vender seg ¬mot det høge
22. eller ser ut over jorda,er det naud og natt, ¬trengsle og mørker;ut i svarte natta er dei støytte.