1. Herren sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med vanleg skrift: Brått hærfang, snøgt rov.»
2. Eg tok meg pålitelege vitne, presten Uria og Sakarja, son til Jeberekja.
3. Så var eg saman med profetkvinna, og ho vart med barn og fekk ein son. Då sa Herren til meg: «Du skal kalla han Brått-hærfang, Snøgt-rov.
4. For før guten kan seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og hærfanget frå Samaria berast fram for assyrarkongen.»
5. Herren tala atter til meg og sa:
6. Fordi dette folket vanvørderSiloa-vatnet, som renn så stilt,og misser motet ¬for Resin og Remalja-sonen,