1. Herren sa til meg: «Ta deg ei stor tavle og skriv på henne med vanleg skrift: Brått hærfang, snøgt rov.»
2. Eg tok meg pålitelege vitne, presten Uria og Sakarja, son til Jeberekja.
3. Så var eg saman med profetkvinna, og ho vart med barn og fekk ein son. Då sa Herren til meg: «Du skal kalla han Brått-hærfang, Snøgt-rov.
4. For før guten kan seia far og mor, skal rikdomane frå Damaskus og hærfanget frå Samaria berast fram for assyrarkongen.»
5. Herren tala atter til meg og sa:
6. Fordi dette folket vanvørderSiloa-vatnet, som renn så stilt,og misser motet ¬for Resin og Remalja-sonen,
7. sjå, difor lèt Herren Storelvakoma over dei ¬i store, stride straumar– assyrarkongen ¬og heile hans velde.Ho skal stiga ¬over alle sine bardarog fløyma ¬over alle sine bredder.
8. Ho trengjer seg inn i Juda,kjem veltande og renn utover;ho når heilt opp til halsen ¬på folk.Med sine utbreidde venger ¬fyller ho ditt land,så vidt som det er, Immanuel!
9. Lat hærropet lyda, de folk!Like fullt skal de skjelva ¬av redsle.Lyd etter, alle land langt borte!Bu dykk til strid, ¬de skal verta forfærde,ja, bu dykk, ¬de skal verta forfærde!
10. Legg ein plan, ¬han skal verta til inkjes!Tal eit ord, det skal ikkje slå til!For Gud er med oss.