Jesaja 66:7-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Før riene kjem, ¬har kvinna født,før ho vert sjuk, ¬har ho fått ein gut.

8. Kven har høyrt noko slikt,kven har sett noko liknande?Kjem eit land til ¬på ein einaste dag,vert eit folk født ¬på ein augneblink?Men Sion fødde sine bornmed det same riene kom.

9. Skulle eg opna morslivog ikkje la det koma til fødsle? ¬seier Herren.Skulle eg la fødsla ta tilog så halda fosteret att?seier din Gud.

10. Gled dykk med Jerusalem,og jubla over henne,alle de som har henne kjær!Fegnast med henne,alle de som syrgjer over henne!

11. Så skal de suga og mettastved hennar trøystefulle barm,ja, drikka og gleda dykkved hennar herlege bryst.

12. For så seier Herren:Sjå, til Sion leier eglukke og fred som ei elv,og dit skal rikdomen ¬åt folka komasom ein fløymande bekk.Dei skal bera hennar born ¬på armenog vogga dei på fanget.

13. Som ei mor trøystar son sin,såleis vil eg trøysta dykk,ja, i Jerusalem skal de få trøyst.

Jesaja 66