Jesaja 65:11-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Men de som har gått bort ¬frå Herrenog gløymt mitt heilage fjell,som dukar offerbord for Gadog skjenkjer krydda vin ¬for Meni,

12. dykkar lagnad ¬skal vera sverdet,alle skal de bøya dykk ¬til slakting.For de svara ikkje når eg ropa,og høyrde ikkje når eg tala,men gjorde det som vondt var ¬i mine augo,og valde det som eg ikkje lika.

13. Difor, så seier Herren vår Gud:Sjå, mine tenarar skal eta,men de skal svelta,mine tenarar skal drikka,men de skal tyrsta.Sjå, mine tenarar skal fegnast,men de skal skjemmast,

14. mine tenarar skal jubla ¬av hjartans lyst,men de skal skrika ¬av hjartesorgog jamra dykk i vonløyse.

15. Det namn som de lèt ¬etter dykk,skal mine utvalde brukatil eit forbanningsord:«Gjev Herren vår Gud ¬lèt deg døy som dei!»Men mine tenarar ¬skal få eit anna namn.

16. Den som søkjer velsigning ¬i landet,skal velsigna seg ¬ved den trufaste Gud,og den som gjer eid i landet,skal sverja ¬ved den trufaste Gud.For dei førre trengsler ¬er gløymde,ja, løynde for augo mine.

17. Sjå, eg skaperein ny himmel og ei ny jord.Det som var, ¬skal ingen minnast,aldri meir skal det komast ¬i hug.

18. Ja, gled og fryd dykk til evig tidover det som eg skaper!For eg skaper Jerusalem omtil ein jublande byog dei som bur der,til eit lukkeleg folk.

19. Og eg vil fryda meg ¬over Jerusalemog gleda meg over mitt folk.Aldri meir skal det høyrastgråt eller klagerop i byen.

Jesaja 65