Jesaja 65:10-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Saron skal verta til sauebeiteog Akor-dalen til storfelægerfor dei av mitt folk ¬som søkjer meg.

11. Men de som har gått bort ¬frå Herrenog gløymt mitt heilage fjell,som dukar offerbord for Gadog skjenkjer krydda vin ¬for Meni,

12. dykkar lagnad ¬skal vera sverdet,alle skal de bøya dykk ¬til slakting.For de svara ikkje når eg ropa,og høyrde ikkje når eg tala,men gjorde det som vondt var ¬i mine augo,og valde det som eg ikkje lika.

13. Difor, så seier Herren vår Gud:Sjå, mine tenarar skal eta,men de skal svelta,mine tenarar skal drikka,men de skal tyrsta.Sjå, mine tenarar skal fegnast,men de skal skjemmast,

14. mine tenarar skal jubla ¬av hjartans lyst,men de skal skrika ¬av hjartesorgog jamra dykk i vonløyse.

Jesaja 65